<<

Hugakøllen

0 kommentarer
Passer For
LENGDE
3.7
KM
VARIGHET
01:09:37
TID
STIGNING
288
METER
TOPPUNKT
MOH
MAX HELNING
PROSENT
HUGAKØLLEN, 1134 moh. (På M711 kartet: Hugakollen )

Kart: 1617-III. Gangtid opp: Ein snau time. Turen er merka.



Dette er ein lett og enkel tur til ein topp med makalaus utsikt. Det var sagt at ein kunne sjå sju kyrkjer derfrå, og med ein god kikkert gjer du kanskje det? I stygg-gamal tid budde trollet Labo Hugakøll i dette fjellet, men han har halde seg merkeleg i ro i seinare tid, så det er lita sjanse for at de får med han å gjera på turen. Harmeleg, seier du? Ja, kanskje det?



Turen startar med at du tek av frå E-16 ca. 100 meter nord-aust for Hugali pensjonat, der det står skilt til ”Hugakollen”. Der betalar du bompengar og køyrer vidare med godt samvit. Oppe på vegens høgste punkt tek det av ein veg til venstre, men du køyrer rett fram mot Hugastølen til du har køyrt over åne Ala og er komen til parkeringsplassen rett på andre sida. Der parkerer du og tek beina fatt. Skilt, merking og tydeleg stig gjer at du ikkje kan ta feil.

Fyrste metrane opp til Øyloselet fylgjer du Lia... (mer)vegen (sjå D4). Du går rett forbi selet, stølen til gamle Øylo Gjestgiveri. Like ved stølshusa gjer stigen ein sving sørover rundt ein haug. På baksida av haugen finn du eit skilt som viser til Alasteinadn, nokre svære steinblokker som nok isen har lagt att der. Turen bortom der tek berre 10 minutt.



Omlag halvvegs til toppen er du ved Utslepparknappen, (1000 moh.) ein liten pigg som stikk opp ca. 100 meter vest for der stigen svingar i nordleg retning mot Hugakølle. Akkurat der kryssar du stølsvegen mellom Kvam og Hugastøle, (stølen til Kvam og Øylo) (tur D2). Vidare mot toppen blir stigen noko brattare, men er lett framkomeleg både for born og eldre. På toppen kan du nyte utsikta til alle kantar. Rett i sør har du Nørre Syndin med Gilafjellet (1582 moh.) bakanfor. I sørvest ris Ranastønge (1900 moh.), Rankonøse (1771 moh.) og Grindadn (1724 moh.) opp, i vest Bergsfjellet (1566 moh). På nordsida av Vangsmjøsen har me Skudshødn (1630 moh.) der Langbein Rise dundrar og skyt når det skal bli uver. Vidare synsranda rundt i nord har du fyrst Vennisfjellet (1776 moh.) og Slettefjellet, med Jotunheimstindar i bakgrunnen. Bak Slettefjellet stikk Bitihødn (1607 moh.) nasen i veret, og lenger mot aust ligg Rundemellin (1345 moh.). Under deg på mest alle kantar ligg gardar og grender, så med kikkerten kan du kontrollere kva folk puslar med der nede.

Tid stoppet
00:42:23
TIMER
Tid I bevegelse
01:09:37
TIMER
Snitt hastighet
3.2
KPH
Innsenderen: OMA
Starter i: Hugastølen, Oppland, NO
Start: Jun 02, 11 12:18
Lengde: 3.7 kilometer
Høydeprofil: + 288 / - 309 m
Maks helning
Snitt helning
Underlag: Merket sti / skiløype
Egnet for: Fottur, Fjelltur
 

Tid som er gått:
00:00:00

32x
Avspillingshastighet