<<

Bjårvatn Rundt (Tuddal)

0 kommentarer
Passer For
LENGDE
5.3
KM
STIGNING
118
METER
TOPPUNKT
MOH
MAX HELNING
PROSENT
Familietur / Kulturvandring
Vansklighetsgrad: LETT (Grønn)
Tid: 2 Timer
5,4 km rundtur (2,4 km på gras/grus, resten asfalt)

For heile familien gjennom flott natur, full av kultur og historie. Du går på vestsida av vatnet til du møter Bondalsvegen. Deretter fylgjer du bilvegen gjennom sentrum med bl.a. Tuddal kyrkje, skulen, Bøenloftet, Bøen kiosk og kafé, Tuddal Bygdetun og Buen Kulturverkstad.

Start turen ved Fossehalli, ungdomshuset i Tuddal ved f.v. 651, ca 1,5 km sør for Tuddal kyrkje. Her parkerar du bilen, kryssar fv. 651 og går inn vegen rett over. Gå over brua og hald til høgre, du er då på Folkestigen Bjårvatn rundt. God tur! Fv. 651 er Fjellvegen over Gaustatoppen, mellom Sauland og Rjukan.

HOVDEFOSSEN:
Tek du ein liten avstikkar til venstre etter Rindebrua ser du den vakre Hovdefossen med jettegryter og flate, fine berg. Hølen over fossen var før i tida ein populær vaskeplass. Her var det strekt klessnorer så ein kunne tørke vasken sin. Du ser og restar av dammen til den ... (mer)gamle saga her.

Fakta:
Langs stigen kan du finne både blåbær, tyttebær og multer. Rik flora. Beverhus. Badestrand ved Helsehuset, fiske (fiskekort kjøpas hos Joker Tuddal) og rasteplass (bord/benkar) med flott utsikt mot sentrum.

Denne turen kan du fint sykle, eller ta med barnevogn.

Kilde : Vandre Telemark www.vandretelemark.no

Foto: (C) Anne-Bjørg Haugan
    Innsenderen: TV2 - God morgen Norge
    URL: http://www.vandretelemark.no
    Starter i: Hagavik, Telemark, NO
    Lengde: 5.3 kilometer
    Høydeprofil: + 118 / - 120 m
    Maks helning
    Snitt helning
    Underlag: Ukjent
    Egnet for: Fottur, Barnevogn, Terrengsykling, Skogstur