<<

Kruk

0 kommentarer
Passer For
LENGDE
12.2
KM
STIGNING
699
METER
TOPPUNKT
MOH
MAX HELNING
PROSENT
GILAFJELLET, ( KRUK 1582 moh.)
Gangtid opp: 2-3 timar. Turen er merka til rett nord for Skolten. (Kart: 1617-III)

Heile turen går i Helin plantepark, sjå sida.
Utgangspunkt: Køyr stølsvegen frå Vang mot Helin. Ved fyrste vegkryss etter høgste punkt på åsen tek du til venstre. Der viser skilt til ”Helestrønd” og ”Tangadn”. Køyr ca. 400 m og parker der stølsvegen til ”Øvre Vassendin” (skilt) tek oppover mot venstre. Fylg skilt ”Gilafjellet” og merking, ca 700 m, langs stølsvegen vidare opp til dei øvste stølane. Vidare går turen på merka gamal stølsstig som går over fjellet til Syndin. Me går gjennom frodig bjørkeskog, der m.a. vårblomsten fjellpestrot veks, og midt opp i skogen passerer du ei slette, Bleikefeten. Stigen held fram i slak stigning til du er på snaufjellet. Nokre meter før høgste punktet (1180 moh.) tek ”leia vår”, (ikkje stig lenger), av mot sør. (Stølsstigen held fram vidare austover i svakt hallande terreng ned til Tjednstølen ved Nørre Syndin.) Me fylgjer varding... (mer) sørover i jamn stigning til om lag 300 m nord for Skolten (1511 moh.). Her i ei høgde av 1460 moh., på ein stor stein, sluttar vardinga. Rett før denne varden kan ein i fyrste del av juli sjå den sjeldne snøsoleia. Gå vidare mellom Skolten og Geiteknappen (1545 moh.). Leia går over fine, nesten flate, ”grassletter” av lyng, lav, størr, siv og gras. Fyllittbergartane her gjev mange plassar frodig vegetasjon. Er ein heldig, kan ein óg sjå fleire typiske høgfjellsfuglar, som snøsporv, bergirisk, heilo, ringtrost og fjellrype. Og iblant sleng det eitt og anna reinsdyr som denne tida på året skulle vera på andre plassar.
Etter for det meste å ha passert rundingen der Svørsbøtten kjem opp frå Helestrønd, endrar naturen brått karakter. Her tek ”grasslettene” slutt, og du møter eit landskap med mykje ur som går tvers over fjellet og sørover. Dette blokkmarkområdet består av granittbergartar som er omlag 1700 millionar år gamle, medan dei øvste meterane av Kruk, Nonskampen og andre toppar sørover består av gabbrobergartar med ein alder på omlag 1250 mill. år. Dette er næringsfattige bergartar, og vegetasjonen her ber preg av det.
I staden for å gå strakaste vegen opp på Kruk, bør du fyrst gå til oppstikkande nabb 1560 moh., rett nord for punkt 1557 moh., som gjev ei praktfull utsikt over Svørsbøtten og Helinområdet. Men før du kjem dit, passerer du eit ”strype”, ei innsnevring mellom stupet mot Svørsbøtten og Kruk på nordaustsida. Denne innsnevringa er ein ypparleg plass for eit fangstanlegg, og det har gamlekarane skjønt og utnytta, for ”strypet” er stengt med ledegjerder (bægji) og to dyregraver. I skråningane mot Kruk ligg ei ”steinbu” og fleire bøgahi, 12 i alt, der dei med bogane sine ”plukka ned” den reinen som kom seg forbi gravene. Lokalhistorikaren Knut Hermundstad held det ikkje for urimeleg at det var bøndene på Helestrønd som før Svartedauden (1349/50) bygde og dreiv dette fangstanlegget.
Utsikta frå Kruk er det ingen ting å seia på, men for å få utsikt mot Syndinområdet, bør du ta svingen bortom Nonskampen (1510 moh.). (Kruk betyr visstnok nedste delen av eit kornnek og viser til den kjegleforma utsjånadn av toppen.)
Innsenderen: OMA
Starter i: Tunestølane, Oppland, NO
Lengde: 12.2 kilometer
Høydeprofil: + 699 / - 795 m
Maks helning
Snitt helning
Underlag: Merket sti / skiløype
Egnet for: Fjelltur