<<

Grindafjell

0 kommentarer
Passer For
LENGDE
4.7
KM
STIGNING
575
METER
TOPPUNKT
MOH
MAX HELNING
PROSENT
Gangtid opp: ca. 2 t. Turen er merka.
Kart: 1617-III, (1517-II).

Du tek av frå E-16 ved skilt som viser til Helin. Ved Grøvsstølen (i vestenden av Helin, tett klynge med stølar og hytter) tek du av veg til høgre. Etter turen gjennom tett bjørkeli, kjem du opp i snaufjellet med utsikt mot Grindadn og Grindetjednet som blinkar i dalbotnen. Du køyrer nesten til høgste punkt på vegen. Her er det ”Parkeringsplass”, og her finn du skilt som viser til ”Grindadn”. Fyrste delen av turen er flat og fin. Merk deg krysset der stigen til Belgen tek av etter ca. 10 min gange. Så tek du fatt på bakkane, og etter ein times tid er du oppe i skaret med reinsgjerde. Omlag 150 m før reinsgjerdet står ein stor ”bautastein” i stigen, merka med kvit V. Ca. 20 m sørvest for denne ligg ei inntakt reinsgrav med ei helle over opningen, og nokre meter nedafor denne ligg ei delvis samanrast grav med ledegjerder. Frå reinsgjerdet ser du innover den fine, graskledde kvelven mellom Grindo og Belgjinøsen, som merkel... (mer)eg nok heiter Heimstølbøtten, endå det er langt til heimstølar her. Herfrå svingar stigen austover mot toppen. Siste delen av turen er bratt og går etter kvart berre i ur, men det er heilt ufarleg. Nesten på toppen og ut mot kanten (sørveggen) finn du ei svær kløft i fjellet, og midt i kløfta ”ligg” Grindetjednet med Grindebue. Eit fint fotomotiv.
På turen oppover mot toppen kan du m.a. sjå fjellrype, snøsporv og dekorative tepper med issoleie og fjellsmelle.
Vel oppe ved varden som ligg på 1724 moh., har du ei ”kongeleg” utsikt til alle kantar. Du må nesten studere kartet og sjølv peile ut kva du ser i dei forskjellige retningar. Og oppfører du deg fint, vil du ikkje få problem med trollet Tindulf Grindo, som frå gamal tid var einerådande her i fjellheimen.
Når du no er komen så høgt, og kanskje har tid og krefter i reserve, vil ein tur bortpå Veslenibb (1667 moh.) og Storenibb (1674 moh.) gjera turen fullkomen. Frå desse ”nibbo” har du ei praktfull utsikt over bygde og Vangsmjøse.
    Innsenderen: OMA
    URL: http://www.vangturlag.org/t...
    Starter i: Grindetjernet, Oppland, NO
    Lengde: 4.7 kilometer
    Høydeprofil: + 575 / - 83 m
    Maks helning
    Snitt helning
    Underlag: Merket sti / skiløype
    Egnet for: Fjelltur